Trygg på nett. Tips om nettvett

Trygg på nett. Tips om nettvett

Aktuelt   

Berre ved å klikke oss i kring, legg vi att store mengder informasjon om oss sjølv på nettet. Om det kjennes ut som den fine kjolen du var innom ein nettbutikk og såg på, følg etter deg etterpå – kan du ha heilt rett i det. Ting du har vist interesse for med eit lite klikk, kjem plutseleg til syne på andre stader du er innom. Ved å bruke ulike tenester og nettstader, gir vi samstundes frå oss bitar av data som blir samla og lagra, og kan brukast i andre tilhøve for å auke interessa vår og gjerne kjøpe noko.

For svært mange av oss er digitale og sosiale medium ein viktig del av det sosiale livet og tilgangen til fellesskapet. Det er ikkje alltid ein tenkjer over kor masse ein faktisk delar med kor mange, og kor det ein delar kan hamne.
Ein kan kjenne seg både overvaka og bekymra, men det finst konkrete tips for å vise godt nettvett og gode ressursar der ein kan få hjelp.


Fire tips om nettvett

 

  1. Tenk over kva du delar
    Vurder korleis du framstillar deg sjølv. Forvent at alle kan sjå informasjon du delar, både om jobb- og privatliv. Ikkje legg ut meir enn det du kan stå for og kunne sagt ansikt til ansikt.
    Ikkje legg ut informasjon om andre utan å spørje om det er i orden. Har du tatt bilde eller film av nokon må du ha samtykke frå personen før du kan publisere. Om det er av personar under 15 år må du i tillegg ha løyve frå foreldra.
    Les meir om bildedeling: https://www.datatilsynet.no/rettigheter-og-plikter/internett-og-apper/bilder-pa-nett/
  2. Tenk før du klikkar
    Om noko ser ut til å vere for godt til å vere sant, gjeld den gamle gode leveregelen om at då er det gjerne det. Klikk aldri på lenker i e-post og sms for å legge inn personopplysningar på sida du kjem til. Gå heller inn på verksemda sin nettstad. Tenk gjennom om avsendaradresse, lenke og vedlegg ser truverdig ut.
    Sjekk at nettstaden er kryptert når du legg inn personleg og sensitiv informasjon (i nettbanken, nettbutikkar og andre stader du har ein brukarkonto). Adressa til nettstaden skal starte med ”https” i stedet for http, og ha ein grøn hengelås i adressefeltet.
    Les meir om informasjonssikkerheit: https://nettvett.no/kurs/informasjonssikkerhet-i-hverdagen/
  3. Ta ansvarOm du opplever at nokon oppfører seg dårleg mot deg eller andre på nett, er det best å ikkje svare, men blokkér og rapporter! Om du blir trakassert eller uthengt, ta vare på bevis, til dømes med å ta skjermbilde. Trugsmål og trakassering er brot på norsk lov, og bør meldast til politiet.
    Forenkla skjema for melding av datakriminalitet: https://nettvett.no/skjema-anmeldelse-datakriminalitet/
  4. Sjekk innstillingarHald operativsystem og programvare på einingane dine oppdaterte. Lag unike passord for alle brukarkontoar og ikkje gi passord vekk.
    For sosiale medium og program du tek i bruk finst måtar å stille kontoane inn meir privat enn dei er i utgangspunktet. Sjekk kva du delar med kven og vel kor opent du vil dele.
    Sjekk også kva du gir appen tilgang til å bruke på smarttelefonen og nettbrettet. Gir du til dømes tilgang til kontaktar, bilde, kamera, mikrofon eller stadtenester? I innstillingane på mobilen og nettbrettet kan du slå av tilgangen til den einskilde app.
    Les meir om innstillingar i sosiale medier: https://nettvett.no/veiledninger/sosiale-medier/

Gode ressursar


https://nettvett.no/ finn du enkle rettleiingar og svar på mykje om tryggleik på nett. Til dømes korleis du kan sjekke kva for aktivitetar Google loggførar om deg og korleis du kan endre på det, korleis du kan lage autentisering i to trinn for sosiale media og om trygg netthandel.
Nettstaden blir drevet av Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) og  Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS).

Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) står også bak  http://slettmeg.no der ein kan få gratis hjelp til å få fjerna bilde og anna innhald.


Ressursar for barn, unge og foreldre

 

Barn skjøner lynkjapt korleis digitale tenester kan brukast, men skjøner dei omfanget av informasjonen dei deler? Nyheitsbilde og undersøkingar viser at dei har stort behov for at vaksne tar ansvar for å rettleie dei og vere gode rollemodellar.
Hjelp barnet med å tilpasse personverninnstillingane, og bli einige om kven som skal få lov å se det dei legg ut. Sjekk kva du og barnet ditt seier ja til. Ofte kostar det ikkje noko å opprette ein profil, men ein «betalar» med personopplysningane. Desse opplysningane kan til dømes brukast til marknadsføring og sal.
Medietilsynet har gode rettleiingar for foreldre med barn i ulike aldersgrupper: http://www.medietilsynet.no/barn-og-medier/

https://brukhue.com/ er ein kampanje for elevar i 6. – 10. klasse for å førebygge nettmobbing ved å engasjere og bevisstgjere barn, unge og vaksne om nettvett. Tenesta er utarbeidd av Telenor, Røde Kors ved Kors på halsen, Barnevakten og Medietilsynet.

Medietilsynet har også gode ressursar om førebygging av digital mobbing: https://www.medietilsynet.no/barn-og-medier/nettmobbing/#anchor_2196

Redd barna arbeider aktivt for tryggleik for barn på nettet, mellom anna med å spreie kunnskap om mobbing og overgrep på nett: https://www.reddbarna.no/vaart-arbeid/barn-i-norge/nettvett/barn-og-digitale-medier

Men ungdomane kan vel dette?

 

Rapporten «Unge og digital sikkerhetskultur» frå NorSIS, publisert 29. august i år, viser at unge under 20 år har for lite kunnskap om informasjonssikkerheit og ofte utsett seg sjølv for risiko på nettet. Opplæringa er for tilfeldig og sikrar ikkje at dei får kvalitetssikra og oppdatert kunnskap (https://norsis.no/ungdom-digital-sikkerhetskultur/)
Tenesta ung.no for dei mellom 13 og 20, har mykje informasjon om ulike tema der unge mellom anna kan stille spørsmål til fagfolk. Her er brei informasjon om nettvett: https://www.ung.no/nettvett/
Kampanjen «Tenk før du deler! #ikkegreit» set fokus på nettvett og bildedeling: https://www.ung.no/IKKEGREIT/Bildespredning-/

http://www.dubestemmer.no/  har breie ressursar til grunnlag for diskusjon og læring om personvern, nettvett og digital dømmekraft – delt inn i ulike aldersgrupper frå 9 år og oppover. Datatilsynet og «Senter for IKT i utdanningen» står bak tenesta.

Ved å setje oss inn i tips og gode ressursar for nettvett kan vi alle vere med å skape trygge rammer på nettet.

 


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Hordaland fylkesbibliotek