Nobelprisen i litteratur 2017 til Kazuo Ishiguro

Aktuelt   

Nobelprisen i litteratur går til Kazuo Ishiguro, det kunngjorde Svenska Akademien i dag.

Bilete av vinnaren av nobelprisen

Ishiguro Kazuo

Nobelprisen i litteratur

Nobelprisen vart kunngjort eit knapt minutt over eitt, då dørane i Børssalen hos Svenska Akademien slo opp, og akademiets sekretær Sara Danius kom ut for å annonsere årets vinnar.

– Nobelprisen i litteratur for 2017 vert tildelt den engelske forfatteren Kazuo Ishiguro, som i romanar med stor emosjonell kraft har avdekka avgrunnen under den illusoriske kjensla  av samanheng med verda, heiter det i grunngjevinga frå akademien. 

Ishiguro er fødd i Nagasaki i Japan i 1954, men familien flyttet til England då han var fem år gamal. Han blei britisk statsborgar i 1982.Han er blant annet kjent for boka «Resten av dagen» fra 1989, som i 1993 ble filmatisert med Anthony Hopkins og Emma Thompson i hovedrollane. Filmen bleinominert til åtte Oscar-prisar, inkludert beste film og beste adapterte manus.

På Voss bibliotek har me filmen og tre andre bøker av Ishiguro. Du finn dei her.

På sidene til Nrk kan du sjå annonseringa av prisen og meir informasjon om prisvinnaren.

Voss bibliotek vil feira prisen med Nobelkveld i januar.