Haustprogram for Voss bibliotek 2017

Aktuelt   

Haustprogrammet vårt er klart. Her er det mange arrangement for både store og små.

Haustprogrammet 2017

Program for born

Me held ram med dei populære songstundene for born. I haust er det Solfrid Himle, Grete Skarpeid og Kari Finne Sognnæs som skal ha desse. Me vil også ha arrangement for større born utover hausten, både vitenteater frå Vitensenteret i Bergen og Farfars bombekrater med Adele Lærum Duus.

Bilete av Vitenteater

Frida og professor Vinter
i haustprogrammet

Program for vaksne

For dei vaksne blir det interessante foredrag om Russisk historie, pengar, informasjon og dataspel. De skal få forfattarmøte med Britt Karin Larsen, Einar Økland, Johannes Gjerdåker og Anders Totland. Me presenterer historiske romanar, kokebøker, poesi og mykje anna. OleBull Akademiet stiller opp med gratis lunsjkonsert to gonger i haust. Det blir i tillegg språkkafé den siste fredagen i kvar månad og datakurs for nybyrjarar torsdagar. Voss ættesogelag sine møte i biblioteket er opne for alle.

Du finn også programmet vårt på Voss kulturhus sine nettsider.