Leseaksjonar for barn og ungdom, foreningen !Les

Aktuelt   

Foreningen !Les har i 20 år arbeidd for å auka lesegleda og lesekunnskapen. Dei har tilbod om leseaksjonar for alle frå grunnskule til vidaregåande skule.

Leseaksjonar

Skulane på Voss får i haust tilbod om å vera med på Bokslukarprisen for 6.klasse. Txt Aksjonen for ungdomsskulen og Rein Tekst for vidaregåande skule. Desse leseaksjonane er med på å auka leselysta og lesedugleiken til elevane. Her får dei også tilgang til litteratur dei elles kanskje ikkje ville ha valt.

Bilete av bokutstilling

txt Aksjonen , ein av fleire leseaksjonar i haust

I januar er det påmelding til Tid for ti. Dette er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn, og den inneheld ein antologi med tekstutdrag frå gode bøker på nynorsk tilpassa målgruppa. Tid for ti rettar seg både mot dei elevane som har nynorsk som hovudmål og elevar som skal ha nynorsk som sidemål på ungdomsskulen.

Her kan du lesa meir om foreningen !Les

Hugs at du også kan bruka mobilen som lånekort med Bibliofilappen