Forfattarbesøk for andre klasse med Roald Kaldestad

Aktuelt   

2.klassingane får kvart år forfattarbesøk i Den Kulturelle Skulesekken, i samarbeid med biblioteket. I år er det Roald Kaldestad som kjem, tysdag 12.september.

Roald Kaldestad og Heavykatten

Roald Kaldestad har skrive bøkene om Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip. Han kjem til oss for å fortelja om desse typane og han har sjølvsagt gitaren med. Bøkene om Heavykatten passar godt til høgtlesing.

Bilete av bokomslag av Heavykatten

Heavykatten av Rolad kaldestad

Kaldestad (f.1972) er forfattar og musikar frå Stord. I 2000 debuterte han som barnebokforfattar, og bøkene hans har også vore framført i sceneversjonar bl.a under Bergenfest 2008. Som musikar har han gjennom åra jobba med m.a. Odd Nordstoga, Magnet, William Hut, Sigrid Moldestad og Storm Weather Shanty Choir. Han har hovudfag i kunsthistorie på ei oppgåve om David Bowie.Han har skrive forteljingar til Eventyrboka (2009), Trøysteboka (2011) og Monsterboka (2013). i 2015 gav han ut biletboka 269 dagar med regn saman med Bjørn Rune Lid. Roald Kaldestad er også leiar for den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu.