Sommarles 2017

Aktuelt   

Sommarles startar 1.juni og er for alle frå 1. - 7.klasse

Sommarles

Voss bibliotek er med på den digitale lesekampanjen Sommarles. Saman med born frå over 300 andre kommunar kan alle i 1.-7.klasse, frå 1. juni, vera med på Noregs kulaste lesekampanje! I fjor deltok over 200 kommunar og 31 000 born, og kampanjen har vore ein stor suksess gjennom fleire år. Målet med kampanjen er å motivere borna til å lesa så mykje dei orkar i sommarferien.

Bilete av sommarleslogo

Sommarleslogo

Kva er Sommarles?
-Ein digital lesekampanje på nettsida sommarles.no. Borna lager seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) forkvar side. Sommarles gjer det gøy å lesa!
– For born i 1.-7.klasse og varar frå 1. juni til 31. august.
– Borna får også tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve og dei kan løysa oppgåver knytt til denne forteljinga.
– I tillegg til poeng kan borna også gjera seg fortente til digitale troféar – og sjølvsagt har me kule premiar som dei kan henta på biblioteket!

I september blir der sommarlesfest
– Årets kampanje er utvikla av Vestfoldbibliotekene, Vestfold fylkesbibliotek, Telemark fylkesbibliotek og firmaet Snuti ANS. Sommarleslogo