Leseknappen

Aktuelt   

Alle som går i andre klasse kan få Leseknappen. Det som skal til er å lesa ti bøker. Leseknappen er eit flott spesialdesigna jakkemerke.

Leseknappen

Leseknappen

Alle andreklassingane på Voss er inviterte til å vera med på Leseknappen. Dette er eit samarbeid mellom biblioteket, skulen og heimen.

I vår har alle klassane som er med, besøkt biblioteket. Her har dei fått informasjom dette leseprosjektet og orientering om biblioteket. Me har også lese ei bok for klassen.

Den mest brukte høgtlesingsboka i år har vore Bo flyttar ut av Trude Tjensvold.

Me har også snakka om bøkene i Leseland-serien. Dette er enkle bøker for nye lesarar, dei er delte inn etter nivå og i ulike fargar. Det er både forteljingar og faktabøker. Det har kome sju nye bøker i denne serien i år.

Leseland finst også som app.