Dataopplæring i biblioteket våren 2017

Aktuelt   

Dataopplæring for nybyrjarar

Dataopplæring i biblioteket

Biblioteket arrangerer kurs i enkel databruk våren 2017.  Det vert fredagane 13. januar, 17. februar, 17. mars og 21. april. Alle dagane frå kl. 10.00 – 11.30. Kurset er for nybyrjarar og det er plass til 12 personar. Meld deg på via tlf. 56 51 94 70 eller kom innom.

Kursprogram:

Fredag 13. januar

  • Læra å bruka datamaskin/nettbrett
  • Læra å bruka Internett
  • Innføring i Digidel (nett-kurs)

Fredag 17. februar

  • Læra å finna fram på Internett
  • Læra å lagra favorittsider
  • Læra å lesa og senda e-post

Fredag 17.mars

  • Søkja etter og navigera på nettsider
  • Nytta tenester på internett.

Fredag 21.april

  • Bruk av offentlege tenester
  • Innføring i netthandel
Dataopplæring på nettbrett

dataopplæring.

Det blir meir og meir bruk for datakunnskapar. Det gjeld informasjon frå offentlege etatar, banktenester, kjøp av billettar, bestilling av varer og mykje anna. Biblioteket har også mange digitale tenester. Du kan til dømes søkja etter bøker og reservere dei, eller du kan forlenga lånetida på nett. Det er også råd å låna e-bøker og lesa desse på nettbrett eller mobiltelefon.

Det er viktig at flest mogeleg får høve til å bruka dei tenestene som finst på data. Difor ynskjer biblioteket å tilby opplæring. Me hadde også opplæring hausten 2016 og såg då at det er eit stort behov.

 

Meir informasjon om dataopplæring finn du på nettstaden Digidel