Filmbib – logg inn, sjå film

Aktuelt   

Alle lånarar ved norske bibliotek kan låna og sjå film med den nye strøymetenesta for
kort- og dokumentarfilm, Filmbib.

Bilete av lånekort , bruk det til FilmbibFilmbib

Filmbib er strøymefilmtenesta som blir brukt  av Innkjøpsordninga for kort- og dokumentarfilm.

Ordninga er administert av av Norsk filminstitutt på oppdrag frå Kulturdepartementet og er oppretta for å gje publikum tilgang til norsk kort- og dokumentarfilm via biblioteket.

Filmene i tenesta er også klarert for undervisning og kan difor brukast i klasserommet.

Filmar for alle aldrar

Filmbib inneheld kort- og dokumentarfilmar av nyare dato, men også filmar som går tilbake i tid. Her finn ein ei unik samling av kortfilmar for både born og vaksne, og historisk interessante, kritiske og samfunnsaktuelle dokumentarar. Her er filmar frå nyere talentfulle regissører, og fåa dei meir etablerte, som Anja Breien, Margreth Olin, Oscar-vinnaren Torill Kove, Harald Zwart og Sara Johnsen, – for å nemna nokre få. Her finst forfatterportrett, og filmar basert på litterære tekstar fra store forfattarar som Hamsun, Ibsen og Undseth, og også samisk film er representert.

Eit uavhengig utvalg har vurdert kva filmar som skal vera med i ordninga på bakgrunn av fastsette kriterier og retningsliner. Filmskaparane får også vederlag for filmane i tenesta, basert på ein avtale laga i samarbeid med Virke Produsentforeningen, Filmforbundet, Norske Filmregissører og Dramatikerforbundet.